Hopp til innhold
X
Innhald

Dåpsfylgje på ni drukna

Den 22. mars 1863 drukna ni menneske frå gardane Dale og Lund ved Dalsøyra på veg til barnedåp i Eivindvik. Ulukka bar til ved Storholmen like framfor garden Kjellevoll.

Dei hadde heist seglet, og brått skar båten ut og rann full av vatn. Båtar rodde ut for å hjelpe, men kunne lite gjere då dei kom fram. I ulukka miste eit fire veker gamalt gutebarn, fire kvinner og tre menn i 30-åra og ei kvinne på 64 år livet.

Les også: To dåpsfylgje drukna same år.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018