Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første bre-hotella

Turiststasjonen i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Turiststasjonen i 2008. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Frå midten av 1800-talet kom dei første utlendingane på «oppdagingsferd» til dalane kring Jostedalsbreen.

I 1851 kom den engelske geologiprofessoren James Forbes frå Fjærland til Jostedalen. Her fekk han losji på garden Kronen i Krundalen. Garden vart seinare eit viktig utgangpunkt m.a. for breturar over til Olden og Loen, og Thøger Kronen bygde på 1880-talet Kronen Turiststasjon - ein bygning på to etasjar. Det vart også kalla «Kronen Kvarter».

I 1896 fekk breførar Rasmus Faaberg tilskot frå Den Norske Turistforening til å byggje ein turiststasjon. Han sette opp eit hus i to høgder på Fåberg. I 1912 bygde sonen Lars Faaberg ei turisthytte på Fåbergstølen i samarbeid med DNT.

I 1920 vart så Jostedalsbreen turisthotell bygt på Elvekrok litt lengre nede i Jostedalen. På dette hotellet budde det stort sett turistar som var nøgde med ein tur i hestekjerre inn under brefoten. Dei var lite interesserte i klatring på sjølve breen.

Les meir om Jostedalsbreen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.03.2011