Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første kunstnarane til Sogn

Balahaugane var eit ynda motiv for mange kunstnarar, mellom dei Johannes Flintoe.

Balahaugane var eit ynda motiv for mange kunstnarar, mellom dei Johannes Flintoe.

Dei første kjende bilete av Sogne-naturen skriv seg frå 1700-talet. Dei hentar naturleg nok motiva langs «Kongevegen» på reiseruta mellom Bergen og Oslo som gjekk gjennom Nærøyfjorden og Lærdal (sjå døme nedanfor). Dette er «reportasjemessige» skisser og stikk gjort for det meste av embetsmenn på gjennomreise.

Den første profesjonelle kunstnaren som kom til Sogn, var Johannes Flintoe (1787-1870) frå København. I 1818 vart han invitert til Sogn av offiseren og kartografen Gerhard Christofferson Munthe til Ytre Kroken i Luster.

I «storekapteinen» Gerhard Munthe si tid var Kroken samlingsstad for dei mest kjende kunstnarane frå romantikk-perioden: I.C. Dahl (1788-1857), Thomas Fearnley (1802-1842), Peder Balke (1804-1887), Adoph Tidemand (1814-1876) og Hans Fredrik Gude (1825-1903).

Også utanlandske kunstnarar vitja Munthe i Ytre Kroken. Alle desse måla flittig motiv frå indre Sogn.

(Sjå meir om Ytre Kroken og om Sogne-bileta til desse kunstnarane under Kroken - adelssete og kulturelt senter).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011