Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første traktorane

Ein AEBI med fôrhaustar i arbeid på ein brattlendt gard i Stryn. Foto: Olav Jakob Tveit.

Ein AEBI med fôrhaustar i arbeid på ein brattlendt gard i Stryn. Foto: Olav Jakob Tveit.

Oppstryn Maskinstasjon vart starta i 1947 etter opptakt av Rolf Gjørven, som fekk med seg 50 bønder i bygdene for innkjøp av traktor og høvelege reiskapar for pløying og slått.

Då dei første traktorane kom til våre bygder etter 2. verdskrig, var det vanleg i dei fleste bygder at bøndene slo seg saman i slike «maskinlag» for å skaffe seg felles traktor som kunne ta det tyngste arbeidet på gardane.

Det var vanleg at ein eller to menn var faste førarar på desse traktorane. – Sjå elles artikkel under Balestrand kommune om firma Erling Nesse A/S, som selde dei kjende Bucher-maskinane som vart ombygde til lette traktorar på 1950-talet. Også Klausen Mek. Verksted AS i Askvoll bygde nokre få firehjuls-traktorar som vart kalla «Vestland» i etterkrigstida.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011