Hopp til innhold
X
Innhald

Dei store fossekjøpa i Årdal

I Årdal renn det vatn ned alle fjellsider. Her ser vi Sitlafossen i Øvre Årdal. Det var ikkje rart at fossekjøparane kasta augene sine på Årdal på slutten av 1800-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei første kjøpa av fossar og industrigrunn i Årdal vart gjorde i 1898. Då kom ein ingeniør frå Bergen og ville kjøpe fallrettane til den mektige Tya, som kasta seg frå 1000 meters høgde ned dalsida...

Kappløpet om Tya-falla

Dei første kjøp av fossar og industrigrunn i Årdal vart gjorde i 1898.

Ein dårleg handel

Sett i høve til dei verdiar som den mektige Tya seinare skapte, er det ingen bønder i Sogn og Fjordane som har gjort ein så dårleg fossehandel som dei som i 1898 let fallrettane i Tya gå for til saman 4000 kroner og ei mindre årleg avgift.

Andre fossekjøp i Årdal

Like over hundreårskiftet vart også Hjelle-, Avdal- og Høljafossen i Årdal selde, men vart seinare tekne tilbake av grunneigarane.

Freding av Vettisfossen

Vestlandsavdelinga til Landsforeningen for naturfredning i Norge fekk i 1924 freda Vettisfossen (275 meter) mot utbyggjing.

A/S Tyinfaldene i samanslåing

A/S Tyinfaldene vart skipa i 1908 av ei tysk industrigruppe med storkonsernet BASF i spissen.

Striden om konsesjon og panikklovene

Ventre-politikaren Gunnar Knudsen ville stoppe utflagginga av ein av våre største naturressursar, og starta straks han kom på Stortinget kampen for konsesjonslover.

Konsesjonsstriden og Årdal

Det tyske selskapet BASF prøvde å omgå dei norske konsesjonslovene i Årdal.

Draumen om industribyen

I 1907 skreiv 323 årdøler under på ei støttefråsegn for kraftutbygging.

Rundt 1900 var det knapt med livberginga mange stader i Årdal, og hest var ein luksus som berre få av gardbrukarane hadde råd til. Difor måtte karane dra arden sjølve når åkeren skulle gjerast klar for potetsetting. Dette biletet er frå sjøkanten på Årdalstangen, like ved der Klingenberg Hotel står i dag. Ukjend fotograf. Eigar: T. Tangen/Årdal Sogelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 18.04.2011