Hopp til innhold
X
Innhald

Dei tre bygdedokterane

Sæla like vest for Naustdal sentrum, der Sæla-dokteren tok imot sjuke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sæla like vest for Naustdal sentrum, der Sæla-dokteren tok imot sjuke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Når folk og dyr vart sjuke i eldre tider, søkte dei hjelp hjå dei lokale bygdedokterane.Tre av dei meste kjende i Sunnfjord var heimekøyrande i noverande Naustdal kommune.

Sæla-dokteren

Ein av dei mest søkte bygdedokterane i Fjordane på 1700-talet var Sæla-dokteren i Naustdal – Henrik Ananiason Sæla (1753-1790). Han kunne lækje både folk og fe. Folk kom langveges ifrå for hjelp. Han lærte seg også teknikken med innpoding av barnekoppar, og fekk i 1786 premie av Det Nyttige Selskab for kunstane sine me kopping og årelating. Metoden vart teken i bruk i 1765. Det er tydeleg at Henrik har hatt medisinske kunnskapar langt ut over det han hadde lært frå tradisjonar i bygda, for då han døydde ung etterlet han seg mange medisinske bøker m.a. skrive på tysk.

Bjørkedalen, der Henrik Henriksson Sæla busette seg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bjørkedalen, der Henrik Henriksson Sæla busette seg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Også sonen Henrik, som busette seg i Bjørkedalen (no i Førde kommune) arbeidde som vaksinatør etter at faren døydde. (Sjå Henrik Henriksson Sæla under Kjende personar i Førde fødde år 1800-1830). Ein annan som arbeidde med koppevaksinering var Haldor Monsson. Han var hjelpevaksinatør med ansvar for Vevring sokn.

Overnaturlege evner og Svarteboka

Også Anders Holmeset (1804-1876) som var gardbrukar på Holmeset vest for Naustdal, var ein vide kjend bygdedokter. Anders var sjølvlærd og hadde lese mange bøker om medisin slik Henrik A. Sæla også hadde gjort. Anders Holmeset laga all medisinen sjølv, og kunne stemme blod. Folk kom lange vegar til Holmeset-dokteren for å få hjelp for sjukdomar på folk og fé. Det vart elles sagt om Anders at han hadde overnaturlege evner, og at han hadde Svarteboka.

Holmeset, der Anders Holmeset tok imot sine pasientar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Holmeset, der Anders Holmeset tok imot sine pasientar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Han kunne ”sjå” bortkomne dyr, og ein gong skal han ha overført sjukdom frå ein gut som hadde epilepsi til ein hund. Hunden vart etter denne ”kuren” sjuk og døydde nær ei elv. Men guten vart frisk og vart seinare far til ein gut. Uheppa ville at denne guten fekk epilepsi slik som faren, og han døydde like ved elva der hunden tidlegare hadde døydd. Slikt vart det gjerne spunne mytar og overtru ikring. Bøkene som Holmeset-dokteren etterlet, seg kom på 1930-talet i hendene på ein lege som kom til Holmesetgarden på sjukevisitt.

Bygdedokteren på Kvellestad

Ein annan bygdedokter var Jakob Andreas Johannesson Kvellestad (1864 – 1941) frå Vevring. Han laga medisin av plantar og røter, og folk skreiv langveges ifrå for å søkje hjelp. - Les elles om andre vidgjetne bygdedokterar: ”Gamle-Ryssdalen” under Gloppen kommune, Mattis Olson Loen under Stryn kommune og Jens L. Drægeli under Aurland kommune.

Les også: Helsestell i Naustdal og Helsestell i Førde.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018