Hopp til innhold
X
Innhald

Den eldste historia i Årdal

Øks frå vikingtida funne på Årdalstangen. Øksa er å sjå på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Øks frå vikingtida funne på Årdalstangen. Øksa er å sjå på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Fornfunn

Dei eldste fornfunna i Årdal skriv seg frå veidefolk i fjellet i yngre steinalder. I 1933 vart det funne ein spydspiss ved Tyin, og i same området vart det ved utgravingar i 1960-åra funne ei mengd buplassar. Både i Øvre Årdal og på Årdalstangen er det funne klubber, steinøkser og spydspissar frå yngre steinalder.

Bronsealderen

Frå bronsealderen (1500-500 f.Kr.) er det berre eitt funn, ein spydspiss frå Seimsdalen.

Funn frå Skrivarhelleren på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Funn frå Skrivarhelleren på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Skrivarhelleren

I nyare tid er det gjort viktige funn frå yngre steinalder, bronsealder og jernalder i Skrivarhelleren som ligg i Moadalen mellom Holsbru og Biskopvatnet.

På garden Hovland i Naddvik er det fleire haugar som kan vere gravhaugar. Ein av dei ligg på terrassen til venstre i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På garden Hovland i Naddvik er det fleire haugar som kan vere gravhaugar. Ein av dei ligg på terrassen til venstre i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dyregraver og bogestelle

Reinen har vore det viktigaste viltet for Årdalsbygdene heilt frå den første busetjinga. Mykje tyder på at folkesetjinga av Noreg etter istida ikkje berre fylgde kysten nordover, men også kom med veidefolk som fylgde reinsflokkane over fjellviddene og busette seg i dei indre fjordstroka. I fjellet kring Årdal er det mange merke etter ledemurar, bogestelle og dyregraver. Mange dyregraver var i bruk heilt til jaktlova av 1899 sette forbod mot slik fangst.

Rekonstruksjon av eit hus frå Ytre Moa. Animasjon: Arkikon.

Rekonstruksjon av eit hus frå Ytre Moa. Animasjon: Arkikon.

Vikinggarden Ytre Moa

Huldreduken på Ve. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Huldreduken på Ve. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eitt av dei største og mest komplette funn av eit gardsanlegg frå vikingtida (800-900 e. Kr.) som er gjort i Noreg, er gjort på terrassane på Ytre Moa i Øvre Årdal.

Huldreduken frå Ve

Det finaste klenodiet av kvinneleg husflidsarbeid frå Årdal er Huldreduken frå garden Ve i Øvre Årdal. Ved sida av eit par andre arbeid frå Trøndelag og Lom, skal Huldreduken frå Ve vere eitt av dei få bevarte broderia frå norsk middelalder. Duken er no 4,17 meter lang, men har truleg vore lengre. Mønsteret er sett saman av 18 blå border på tvers av duken. Duken er brodert i smettesaum og er frå kring år 1400. Huldreduken var truleg brukt som veggpryd den første tida, og seinare også som bordduk. Duken vart stilt ut siste gongen på Sogn Folkemuseum i 1934, men har seinare blitt teken vare på i ein lystett behaldar på Ve gard. Siri Benjaminsen frå Naddvik har sidan 2007 arbeidd med å lage ein kopi av Huldreduken. Det knyter seg ei segn til Huldreduken. Den kan du lese i artikkelen Segner frå Årdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.08.2013