Hopp til innhold
X
Innhald

Den eldste historia i Stryn

Det er gjort rike funn frå eldre tid i Stryn. Denne øksa vart funnen på Fosnes i Oppstryn og er i dag på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Det er gjort rike funn frå eldre tid i Stryn. Denne øksa vart funnen på Fosnes i Oppstryn og er i dag på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Fornfunn i Stryn

- frå steinalderen til år 1600 e.Kr.

Adelsætt budde på Eide

Eide-gardane ligg midt i den vide Strynedalen mellom fjorden og vatnet, og var den største garden i bygda i mellomalderen. Steinen som vart funne på Kyrkjeeide i 1886, sjå Fornfunn i Stryn vitnar om at hovdingar har budd på garden også i norrøn tid.

Absalon Jørgensen Beyer kjøpte Hilde-garden i 1660.

Absalon Jørgensen Beyer kjøpte Hilde-garden i 1660.

Innvik-presten kjøpte Munkeliv-godset

Munkeliv kloster ved Bergen slo utover seinmellomalderen under seg enorme jordeigedomar på Vestlandet. Berre i Nordfjord eigde klosteret over 20 gardar, ofte dei største i bygda. Ein av desse var Hilde-garden i Innvik. Ved reformasjonen i 1536 vart alt kyrkje- og klostergods kverrsett av danskekongen og lagt under kruna. I 1660 vart Hilde-garden seld til Innvik-presten Absalon Jørgenson Beyer. Enkja etter han slo seg ned i Hildeøyane, der hustuftene framleis skal vere synlege.

Sætre og Årheim var sorenskrivargardar

Årheim ligg på sørida av Stryneelva, tvers overfor dagens sentrum. Her budde ei tid den andre sorenskrivaren i Nordfjord, Trugels Jensson, i nokre år til han døydde i 1611.

Lensmenn og skipsreider

Frå gamalt av var det to skipsreider i Stryn kommune: Strjon (Stryn) og Aldi (Olden). Seinare fylgde grensene for tinglaga skipsreidegrensene. I Stryn vart Tonning tingstad, i Aldi på Muri i Olden. I lang tid hadde dei to skipsreida kvar sin lensmann, men mellom 1742 og 1909 var det berre ein lensmann. I 1909 fekk dei to kommunane Stryn og Innvik kvar sin lensmann, ei ordning som vara heilt til sommaren 2002.

Legenda om futen Helje Bagge

- eigen omtale.

Legenda om Meister-Jo

- sjå Jon Mogenson Schanke (Meister-Jo).

Prestegarden Langvin

- prestegard i Innvik sidan mellomalderen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011