Hopp til innhold
X
Innhald

Den eldste historia i Vik

Vik har mange fornminne. Dette er ein av gravhaugane, Øykjahaugen på Hønsi. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik har mange fornminne. Dette er ein av gravhaugane, Øykjahaugen på Hønsi. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sverd frå vikingtida funne på Hopperstad. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sverd frå vikingtida funne på Hopperstad. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sverd frå vikingtida funne på Hopperstad. Foto: Arild Nybø, NRK.

Gravhaugane på Hove

Jordbruksbygda Vik har frå gamalt vore eit senter for mektige rikfolk. Det vitnar ikkje minst dei mange gravhaugane frå bronsealder og jernalder om.

Gravhaugar og funn på Vangsnes

Etter segna skal det ha lege ei borg på Vangsnes; Torsteins borg.

Reinveiding i fjellet

Eit av dei største anlegga som viser att etter gamla reinjakt i høgfjellet, ligg i fjella over Fresvik. Dei eldste fangstanlegga er frå jernalderen.

Gravhaugar og småkongar i Feios og Borlaug

Også i Feios ligg ei mengd gravhaugar. Frå Borlaug til Berdal er det registrert 21 gravhaugar langs stranda.

Funn som kan endre historia

I 2013 vart det avdekt tre vikinggraver like ved Vikjatunet. Der vart det mellom anna funne eit vevlodd i kleberstein med ein innrissa kross. Arkeologane meiner gravene er frå tida mellom 850 og 950 e. Kr. Funnet kan tyde på at delar av Norge kan ha vore kristna før slaget på Stiklestad i 1030.

Vevloddet med innrissa kross som vart funne ved Vikjatunet i 2013. Foto: Noralv Pedersen, NRK.

Vevloddet med innrissa kross som vart funne ved Vikjatunet i 2013. Foto: Noralv Pedersen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2013