Hopp til innhold
X
Innhald

Den første leiinga

Sigurd Kloumann.

Sigurd Kloumann.

Sigurd Kloumann hadde skaffa seg ry som ein framifrå ingeniør då han like etter hundreårsskiftet leia utbygginga av store kraftverk i Vamma, Kykkelsrud, Svelgfoss og Rjukan på Austlandet. Han var medskipar av Norsk Hydro i 1905, og i 1911 skipa han A/S Saudefaldene som bygde ut store kraftverk i Rogaland.

Med støtte frå skipsreiar Fredrik Ludvig Konow og andre kapitalfolk i Bergen og Oslo overtok Sigurd Kloumann i 1915 i Høyanger og skipa A/S Høyangsfaldene, Norsk Aluminiums CO (NACO). Selskapet starta i 1916 ei storfelt utbygging av kraftverk og fabrikkar, med Sigurd Kloumann som administrerande direktør og organisator.

Dei første fem åra var Kloumann sidestilt adm. direktør med dr. ing. Emil Collett, den første nordmann med doktorgrad i kjemi. Kloumann, Collett og resten av leiinga heldt til i Oslo. Kloumann var adm. dir. i NACO til 1946. I Høyanger styrte verkdirektør Johan Mürer frå 1916 til 1921, då han vart avløyst av Hans Hygen, som sat i stillinga til 1955.

Les også om anleggsstaden Høyanger og Norsk Aluminium CO - NACO.

Hovudkontoret til NACO i Oslo.

Hovudkontoret til NACO i Oslo.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2010