Hopp til innhold
X
Innhald

Den første turismen i Stryn

Dei første turistane gav ekstrainntekt til bønder med hest og kjerre.

Dei første turistane gav ekstrainntekt til bønder med hest og kjerre.

Sjølv om Den Trondhjemske Postvei i Stryn hadde gått over Utvik-Faleide-Hornindal sidan 1785, var det lite turistar i Indre Nordfjord før Amtsbaatane (Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) starta faste ruter Bergen–Nordfjord frå 1858.

Om lag samstundes kom det i gang turistruter mellom Bergen og Newcastle i England. Faleide ca. 10 km vest for Stryn, på nordsida av fjorden, vart då endestogg for amtsrutene, og her kom det første moderne hotellet med 44 senger, bygd av Olai Tenden i 1872.

Frå Faleide vart dei første turistane anten rodde inn til Loen og Olden, eller vart skyssa av den lokale dampbåten «Faleide».

Les også om hotell-boomen og om milepælar i turistnæringa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.03.2011