Hopp til innhold
X
Innhald

Den illgjetne Dale-futen Peder Frost

Fredrik Borgen: Lyster i Sogn. © Blomqvist Kunsthandel.

Fredrik Borgen: Lyster i Sogn. © Blomqvist Kunsthandel.

Korkje lensherrane Nielsen, Galskytt eller Green busette seg i det vesle minilenet sitt inst i Lustrafjorden, men styrde det med eigne futar.

Peder Frost var lite populær

Anders Nielsen i Kroken utnemnde Peder Frost som fut i Dale, og han vart i alle høve sitjande i embetet til 1590, då det vart reist sak mot han med i alt 27 klagepunkt. 20 bønder frå Luster sette bumerket sitt på dette klageskrivet. M.a. skulle Peder Frost med urette ha nytta mest kvart høve til å grave til seg både gods og jordeigedomar. Såleis skulle han ha truga til seg ei flott ku frå ein ung mann som under eit bryllup hadde hengt ein fugl i beltet på fut-dottera for moro skuld.

Tvinga bøndene

Bøndene harmast også over at dei støtt måtte arbeide gratis for futen, og at han tvinga dei til å stille hestar til rådvelde under onnene, og når han fann det for godt å reise på handelsferd over til Gudbrandsdalen.

Droppa militærskatten

Peder Frost gadd heller ikkje å krevje inn ein spesiell militærskatt frå bøndene, som dermed truleg måtte reise heilt til Bergen for å betale skatten.

Dobbel avgift

Lustrabøndene måtte også svare dobbelt så mange slaktedyr i avgift til Kongen som det var vanleg elles i landet, og Frost tvinga bøndene til sjølve å frakte dyra heilt fram til Bergen.

Truleg avløyst av Lauritzøn

Det er uvisst om Lustra-bøndene sitt klageskriv til Kongen fekk fylgjer for futen Peder Frost, men han vart truleg buande i Luster til han døydde i 1608.

Ein fut som vi møter att seinare på Flahamar, Anders Lauritzøn, kan ha vore mannen som avløyste Frost som fut for Dale len i 1608. Anders Lauritsøn budde først på garden Fuhr (For). Fuhr-garden vart seinare lensmannsgard og hovudsete for den kjende handels- og jordeigarslekta Lemvig - sjå: Handelsstaden Døsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.03.2011