Hopp til innhold
X
Innhald

Den indre Sjømannsmisjon

Ideen til ein eigen misjon for fiskarar og sjøfolk i norsk kystfart vart fødd under vårsildfiska på Vestlandet.

Dette fisket hadde midt på 1800-talet senter på Sunnfjord-kysten. Jakteskipperane Tollef Onarheim frå Tysnes og Jakob Fjærestad frå Os vende seg i 1879 til Bergen Indremisjonsforening og bad den ta opp misjonsarbeid mellom sildefiskarane. Året etter var ein annan jakteskipper som dreiv føring og salting av sild, Amund Jøssendal frå Hardanger, i gang som emissær mellom vårsildfiskarane.

Den indre Sjømannsmisjon vart formelt skipa i 1880 og har særleg markert seg i sosialt arbeid for fiskarar og sjøfolk i innanriksfart. I alt har dette misjonslaget bygd 14 fiskar- og sjømannsheimar langs kysten. Desse ber alle namnet «Havly».

Den første fiskarheimen vart bygd i Vadsø i 1893. I Sogn og Fjordane er Den indre Sjømannsmisjon best kjent for misjonsskipa «Elieser» som m.a. var fast stasjonerte i Måløy og Florø i dei store sildeåra på 1950-talet. Her fungerte «Elieser» også som sjukestove. Utanom sesongane vart «Elieser»-skipa nytta som flytande «bedehus» på forkynningsturnéar til fjord- og kystbygder.

I Måløy hadde Den indre Sjømannsmisjon avdelingskontor i bedehuskjellaren fram til kontoret vart lagt ned i 2005. Dei siste driftsåra dreiv Måløy-kontoret velferdsarbeid for russiske fiskarar som vitja hamna.

Bedehuset i Måløy der Den indre Sjømannsmisjonen hadde kontor. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bedehuset i Måløy der Den indre Sjømannsmisjonen hadde kontor. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015