Hopp til innhold
X
Innhald

Den katolske kyrkja

Frå vigslinga av ein prest i St. Paul-kyrkja i Bergen. Foto: St. Paul-bloggen.

Frå vigslinga av ein prest i St. Paul-kyrkja i Bergen. Foto: St. Paul-bloggen.

Den katolske kyrkja har kring 500 registrerte medlemer i Sogn og Fjordane. Desse høyrer under St. Paul-kyrkja i Bergen. Kvar tredje veke held ein prest frå Bergen messe for katolikkane i Førde, der det åleine er kring 40 medlemer av Den katolske kyrkja. I 2006 kjøpte kyrkjelyden eit hus på Ulltang i Førde som m.a. har vorte nytta som kapell. Førde kommune har skaffa Den katolske kyrkja tomt til eige kyrkjebygg i den nye Hafstad bydel like ved sentrum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015