Hopp til innhold
X
Innhald

Den norske kyrkja - Statskyrkja

Urnes stavkyrkje i Luster er med på verdsarvlista til UNESCO. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Urnes stavkyrkje i Luster er med på verdsarvlista til UNESCO. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Den norske kyrkja er namnet på statskyrkja, der prestane er tilsette og løna av Staten. Sogn og Fjordane tilhøyrer Bjørgvin bispedøme. Dette har vore namnet på bispedømet heilt frå 1170, då det heilage skrinet som skulle innhalde leivningane etter den heilage St. Sunniva, vart flytta frå Selje kloster til Bergen. St. Sunniva var Bergen og Bjørgvin sin skytshelgen.

Mellomalderkyrkja i Sogn og Fjordane

I mellomalderen fanst det i alt 92 kyrkjer i fylket. 24 kyrkjer og kapell i Nordfjord, 21 i Sunnfjord, 35 i indre Sogn og 12 i ytre Sogn.

Nye kyrkjer etter reformasjonen

Svartedauden fekk også store konsekvensar for kyrkjebygningane. Dei kom i sterkt forfall, og mange vart totalt øydelagde. Men etter reformasjonen i 1536 kom det fart i kyrkjebygginga att.

Eksisterande mellomalderkyrkjer

Alle steinkyrkjene i Sogn står framleis. I Nordfjord står den einaste registrerte steinkyrkja, utanom Albanuskyrkja på Selja, framleis ved den gamle riksvegen på Vereide i Gloppen. Frå mellomalderen står elles mange stavkyrkjer.

Stedje kyrkje i Sogndal er prostikyrkje for indre Sogn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stedje kyrkje i Sogndal er prostikyrkje for indre Sogn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Per Lønning var ein svært profilert biskop i Bjørgvin frå 1987 til 1994. Foto: Eystein Hanssen, Scanpix.

Per Lønning var ein svært profilert biskop i Bjørgvin frå 1987 til 1994. Foto: Eystein Hanssen, Scanpix.

Fire prosti i Sogn og Fjordane

I dag omfattar Bjørgvin bispedøme fylka Sogn og Fjordane og Hordaland. Men fram til 1983, då Møre og Romsdal vart eige bispedøme, var også Sunnmøre med.

I Sogn og Fjordane er fylket delt inn i fire prosti: Nordfjord, Sunnfjord, ytre Sogn og indre Sogn. I Sogn og Fjordane er det i 2002 119 kyrkjer som tilhøyrer den norske kyrkja. Dei er fordelte på i alt 88 kyrkjesokn.

Biskopar i Bjørgvin siste 250 år

- kronologisk oversikt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015