Hopp til innhold
X
Innhald

Den Norske Santalmisjonen

Lars Olsen Skrefsrud.

Lars Olsen Skrefsrud.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Den Norske Santalmisjonen vart grunnlagt i 1867 i Santal Parganes i India av Lars Olsen Skrefsrud og H.P. Børresen.

Santalmisjonen er nær knytt il Den norske kyrkja, og vart i 2001 slegen saman med Det norsk Lutherske Indremisjonsselskap til Normisjon. Santalmisjonen har hatt hovudfeltet sitt i dei asiatiske landa India, Bangladesh, Bhutan, Nepal og Aserbadjan, men har også hatt misjonærar i Ecuador, Mali og Cuba.

I 2001 vart santalmisjonen slegen saman med Det norsk lutherske Indremisjonsselskap til Normisjon. I Noreg er santalmisjonen medeigar i fleire vidaregåande skular og i Norsk Lærarakademi i Bergen.

I Sogn og Fjordane hadde Santalmisjonen lokallag over heile fylket og har i lange periodar hatt distriktsorganisasjon saman med Hordaland. Då medlemslaga i Santalmisjonen vart ein del av Normisjon i 2001, fekk samstundes den «kyrkjetru» indremisjonen (Det norsk lutherske Indremisjonsselskap) innpass i det kristne organisasjonslivet i indre Sogn, ytre Sogn, og Dalsfjorden og Bremanger i Sunnfjord.

Desse regionane har heilt frå kløvinga av indremisjonen i 1898 vore dominert av indremisjonslag knytte til det meir konservative og lavkyrkjelege Det Vestlandske indremisjonsforbund (no Indremisjonsforbundet).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015