Hopp til innhold
X
Innhald

Det Holmedalske Sogneselskab

Det Holmedalske Sogneselskab vart skipa i 1836 etter opptak frå sorenskrivar Nils L. Landmark. På skipingsmøtet på Osen gard teikna det seg 26 medlemer. Landmark vart formann, og prost Jens Ludvigsson Rennord vart varaformann.

Laget arbeidde for planting av nyttige treslag som ask, alm, pil og lønn, og det fekk bøndene til å plante frukttre og dyrke humle (for ølbrygging). Sogneselskabet stimulerte nydyrking, og sette opp premiar for både godt dyrkingsarbeid og for å utrydde ulv, som på den tida gjorde stor skade på bufe - sjå: Rovdyrplaga i Fjaler.

Vegar og bygging

Vidare arbeidde Sogneselskabet for at det vart bygd køyrevegar til gardane. Det delte ut nye «franske jernspadar» til bøndene og fekk korpssmed Barthold Vonen til å utvikle ein ny plog av jern. Laget delte også ut timoteifrø til ny graseng. Dei sende folk til Sunnmøre for å lære nye byggjemetodar for moderne låvebygningar, og laget ytte også stønad til folk som hadde mista garna sine på sildefiske.

Delt i to

I 1856 vart Sogneselskabet av praktiske grunnar delt i eit Ytre og Indre Holmedals sokneselskap. Det indre dekte då Gaular kommune, med namnet Indre Holmedals Vel.

I 1873 gjorde Ytre Holmedal Sogneselskab under leiing av distriktslege Lars Stub Heiberg Landmark, opptaket til skipinga av Fjaler sparebank. I Fjaler vart det seinare skipa jordbrukslag i kvart sokn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.10.2010