Hopp til innhold
X
Innhald

Det store elvebrotet i 1780

Før elvebrotet i 1780 gjekk Jølstra heilt inn til der Førde Sentralsjukehus ligg i dag. Garden som ligg rett over sjukehuset på dette biletet låg då på sørsida av elva. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Før elvebrotet i 1780 gjekk Jølstra heilt inn til der Førde Sentralsjukehus ligg i dag. Garden som ligg rett over sjukehuset på dette biletet låg då på sørsida av elva. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vinteren 1780 braut elva Jølstra nytt løp m.a. i Førde sentrum, noko som fekk stor verknad for utviklinga i bygda seinare. Etter ein hard vinter la det seg tjukk is på Jølstravatnet. Eit hardt stormver braut isen opp, og pressa is i store mengder ned elva, der den demde opp fleire stader og tok nye far:

Første området der elva braut nytt far, var på garden Mo (seinare jordbruksskule), der Moøyra vart skild frå hovudbruket.

Garden til Adolf Indrebø som i dag ligg på Vie, men som før elvebrotet låg på sørsida av Jølstra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Garden til Adolf Indrebø som i dag ligg på Vie, men som før elvebrotet låg på sørsida av Jølstra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Vie gjekk Jølstra før elvebrotet i ein sving oppunder der Vievegen og sentralsjukehuset ligg idag. Garden til Adolf Indrebø har difor bruksnummer under Hafstad framleis. Her braut elva nytt far nærmare Hafstad, og neset på Indrebøs gard vert difor kalla Nyeneset den dag idag.

Det gamle elveløpet Sjøaelva ved Øyrane vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det gamle elveløpet Sjøaelva ved Øyrane vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Men størst endringar gjorde likevel elva i noverande Førde sentrum. Her gjorde den «gamle» elva ein stor boge frå Sagelva og opp i Sjøahola ved kyrkja på Skei. I 1780 demde isen i denne svingen ved Sagelva, og elva tok nytt far over Øyrane, som tilhøyrde gardane på Halbrend på sørsida av dalen. Det var såleis Halbrends-gardane som åtte det meste av Øyrane fram til SIVA fekk hand om Øyrane som industriområde på 1960-talet. Det gamle elveløpet gjennom Løken og Sjøahola viser framleis tydeleg i landskapet – særleg på flo sjø.

Dette elvebrotet gjorde at den gamle handelsstaden i Sjøahola kom i bakevja – ei utvikling som vart forsterka då Den Trondhjemske Postvei kom i 1785, og Hafstad vart skysstasjon.

Med flaum i Jølstra trengde vatnet inn i Hafstadvegen. Dette biletet er frå 1957. Bilistane må gi på for å kome gjennom vassdammane, og spruten står, både mot Klakegghuset og eventuelle fotgjengarar. Foto: Reiakvam.

Hindra nytt elvebrot

Under ein langvarig regnversperiode kring 1880 truga Jølstra på nytt med å bryte nytt løp gjennom Førde sentrum, denne gongen frå området ved Førdehuset og i eit gamalt elvefar i Storehagen der Sunnfjord Hotell og rutebilstasjonen no ligg. Ei rask elveforbygging hindra Jølstra å bryte seg nytt far.

Elva Jølstra endra seg mykje i Førde sentrum etter graving av nytt elvelaup for elva Anga i Angedalen på 1960-talet. Lausmasse derifrå grunna ut Jølstra kring elvosen på Steinen og oppover til Førdehuset. Før dette kunne mindre båtar lett ta seg opp til sjøbuer kring Førde Hotell. Frå gamal tid finn ein ved Hafstad v.g. skule framleis restar etter ei kai og stadnamnet «Landabryggja», der ein la til med båtar som vart dregne opp elva.

På 1900-talet vart mange elvar sikra med forbygging. Dette biletet er frå Holsen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

På 1900-talet vart mange elvar sikra med forbygging. Dette biletet er frå Holsen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Les meir om utviklinga av tettstaden Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 03.12.2010