Hopp til innhold
X
Innhald

Difi

I 1999 vedtok regjeringa og styret i Kommunenes Sentralforbund å skipe ein felles inngang til all norsk offentleg informasjon på Internett. I første omgang vart noreg.no organisert som eit to-årig prosjekt.

Redaksjonen med Ove Nyland som leiar vart lokalisert til fylkesmannen i Sogn og Fjordane på Leikanger. Fylkesmann Oddvar Flæte gjorde ein stor innsats for å få noreg.no skipa og plassert i Leikanger.

Føremålet med portalen er m.a. å gjere offentleg informasjon og tenester meir tilgjengelege for folk flest. Frå 1. januar 2002 fekk kontoret også Opplysningstenesta i Staten. Dette er ei telefonteneste.

I januar 2005 vart Noreg.no eiga verksemd under Fornyings- og administrasjonsdepartementet, og i januar 2008 vart Noreg.no slege saman med Statskonsult og E-handelssekretariatet til eit nytt Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) med kontor i Oslo og Leikanger.

I 2012 har Difi 252 tilsette fordelt med 162 i Oslo og 90 i Leikanger.

Direktoratet skal arbeide med fornying av offentleg sektor, og IKT-satsinga til direktoratet skal samordnast frå Leikanger. I statsbudsjettet for 2013 vart ei satsing på universell utforming av IKT lagt til Difi på Leikanger. Det betyr 15 nye arbeidsplassar.

Difi held i 2012 til i denne bygningen. Men i 2013 startar bygginga av eit nytt hus som skal gje Difi til saman 110 kontor i Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Difi held i 2012 til i denne bygningen. Men i 2013 startar bygginga av eit nytt hus som skal gje Difi til saman 110 kontor i Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.10.2012