Hopp til innhold
X
Innhald

Distriktslegen i Høyanger

Dokterbustaden som vart bygd i Vadheim i 1893. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dokterbustaden som vart bygd i Vadheim i 1893. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå 1802 til 1840 var det berre to distriktslegar i Sogn og Fjordane:

Ein for Fjordane med bustad på Faleide (sjå Helsestell i Stryn) og ein for Sogn med bustad i Aurland. Frå 1840 vart fylket delt i fire distrikt med ytre Sogn som eige distrikt. Distriktslegen budde i Eivindvik i Gulen, og skulle dekkje sognekommunane heilt innover til Vik. I 1858 vart det store distriktet delt, og distriktslegen som hadde teneste i dei vestlegaste kommunane fekk bustad i Leirvik.

I 1882 freista kommunane Lavik, Kyrkjebø og Indre Holmedal (Gaular) å få eigen lege med kontor i Vadheim, men først i 1892 vart Ytre Sogns legedistrikt delt, og Lavik og Kyrkjebø vart eige legedistrikt. I 1893 vart dokterbustaden i Vadheim bygd. Dette huset, eit gult hus i typisk sveitserstil, står framleis like ved riksvegkrysset i bygda. Frå 1898 fekk legen faste kontordagar i Ortnevik på sørsida. Frå 1910 i Bjordal, og 1913 på Nordeide.

Distriktslegen vart flytta frå Vadheim til Høyanger i 1958. Då A/S Høyangsfalla og Norsk Aluminium Company (NACO)starta utbyggjing av verket i 1916, heldt dei eigen lege og jordmor.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.11.2009