Hopp til innhold
X
Innhald

Dødsdom for legermål i Bremanger

I 1656 vart ein ung mann frå garden Otteren ved Rugsund sokn og farsystera Marte Pedersdotter Borkne dømde til døden fordi dei hadde hatt samleie.

Overretten endra domen til livsvarig tukthus. Faren til guten måtte dessutan setje garden i pant for ei dugeleg pengebot, og greidde ikkje å løyse den inn att. Dei to turtelduene berga såvidt halsen.

Halshogde

Verre gjekk det med Mons Adamson Hestevikja frå Berle i 1730, då han vart funnen skuldig i legermål med Anna Marie Gregorid, som var enkje etter broren Kristen. Her var det ikkje prutingsmonn, for slike par vart i gamle dagar rekna i slekt, og Mons tapte hovudet på rettarblokka.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018