Hopp til innhold
X
Innhald

Dødsdom for spebarnsdrap

Kvinner som fekk barn utanfor ekteskap vart nådelaust straffa i gamle dagar. Det var ikkje uvanleg at unge kvinner som hadde «hamna i ulukka» som ein sa, vart sende til hardt straffearbeid i fiskeværa i Nord-Noreg. Barnet vart teke ifrå dei.

I 1776 råka tragedien Ingeborg Nilsdotter Indrevær. Det vart kjent at ho hadde fødd eit barn i løynd. Då ho vart ført for retten, hevda ho sjølva at barnet var dødfødt. Men retten høyrde ikkje på henne, og dømde henne til døden ved halshogging.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018