Hopp til innhold
X
Innhald

Drap på Vikja-marknaden

I 1891 enda marknaden med eit drap på ein 25 år gamal mann frå Tistel.

I eldre tider vart det kvart år kring Mikkelsmesse – 20. september – halde marknad på Vikøyri. Den drog til seg mykje folk frå Voss som ville byte varer med folket ved fjorden - særleg salt og fisk. Vessene nytta også høvet til å krevje inn leige for fjellbeite og stølar som vikjene hadde leigd på Vossa-sida av fjellet.

Men mikkelmessestemna tok ein brå slutt i 1891, då ein slåstkamp enda med at ein 25 år gamal mann frå Tistel i Vik vart drepen.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018