Hopp til innhold
X
Innhald

Drengedrapet i Viksdalen

I 1693 drap bonden Sivert Larson Hage gardsdrengen med ei øks. Sivert rømde til Austlandet, men vart teken i 1696 og dømd til døden.

Han greidde å røme frå fengselet, men vart arrestert eit år seinare. I mellomtida hadde grannelaget i Viksdalen starta ein aksjon for å få Sivert sett fri slik at han kunne ta seg av den store famlien sin heime. Åtte grannar skreiv under nådeskrivet til kongen i København. Men dei nådde ikkje fram og Sivert vart halshoggen i 1699.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018