Hopp til innhold
X
Innhald

Drengen skulle steine kona

I 1713 fekk Paul Torkildson Hillestad frå Veitastrond hard straff for utruskap og mangt anna: Den gifte mannen freista å bli skild ved å skulde kona for utruskap.

Men kona visste å forsvare seg: Ho stemna ektemaken for utruskap, og under rettsaka kom det fram at han hadde tre born utanfor ekteskap.

Han skulle også ha freista å bli kvitt kona ved å kommandere gardsdrengen opp på ein hammar. Der skulle drengen rulle stein ned på kona når ho sette seg inn under hammaren for å tre av på naturens vegne. Den trengde kona kom opp under hammaren og fekk gjort sitt, men «attentatet» med rullesteinen mislukkast.

Og Paul måtte gå frå gard og grunn, og hamna på straffarbeid på Bergenhus.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018