Hopp til innhold
X
Innhald

Eige sjukehus i Kalvåg

Kalvåg hadde tidleg sjukehus. Huset i framgrunnen vart bygt som sjukehus i 1903.

Kalvåg hadde tidleg sjukehus. Huset i framgrunnen vart bygt som sjukehus i 1903.

I 1903 bygde Vårsildavgiftsfondet eit «sjukehus» i bakkane ovanfor Kalvåg. Sjukehuset hadde plass til inntil 20 pasientar og var berre ope for fiskarar i fiskesesongen. I kjellaren var det folkebad.

Sjukehuset var i drift til ut på 1920-talet, då kommunen overtok mykje av bygningen til kommunestyresal og andre kontor. Bygget stod til 1980-talet, då det vart rive for å gje plass til ny sjukeheim.

Fondet hadde i 1868 også bygt sjukehus for fiskarar i Florø.

Les også om fiskeværet Kalvåg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.04.2010