Hopp til innhold
X
Innhald

Ein dårleg handel

Moadalen med eitt av vatna som er regulert, Bioskopvatn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Moadalen med eitt av vatna som er regulert, Bioskopvatn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sett i høve til dei verdiar som den mektige Tya seinare skapte, er det ingen bønder i Sogn og Fjordane som har gjort ein så dårleg fossehandel som dei som i 1898 let fallrettane i Tya gå for til saman 4000 kroner og ei mindre årleg avgift.

Det er liten tvil om at Henrik Spangelo var like mykje «fossespekulant» som Nils Henrik Bruun, for same hausten baud han sin part av fossen til ingeniør Bruun for 10.000 kroner. Etter den tid var ei forteneste på 8000 kroner på nokre få veker ein eventyrleg vinst. Men Bruun ville ikkje strekkje seg lenger enn til 9000, og det vart ingen handel.

I 1906 handgav likevel Bruun og Spangelo fallrettane i Tya til det tyske storkonsernet BASF - Badische Anilin & Soda Fabrik, Ludwigshafen. Selskapet representerte eit interessentselskap som tre tyske kjemikonsern hadde skipa i 1905. I 1908 skipa desse utbyggjingsselskapet A/S Tyinfaldene.

Les også:

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018