Hopp til innhold
X
Innhald

Eirikssønene sat verfaste i Vågsøy

Ulvesundet slik det tek seg ut 1050 år etter at Eirikssønene låg verfaste her. Foto: Arild Nybø, NRK.

Ulvesundet slik det tek seg ut 1050 år etter at Eirikssønene låg verfaste her. Foto: Arild Nybø, NRK.

I 955 kom sønene til kong Eirik Blodøks siglande nordetter kysten med ein stor hær. Dei var på veg til Nordmøre for å gjere overfall på kong Håkon 1 Adalsteinsfostre «den gode» og hans menn. Men i Ulvesundet i Vågsøy vart dei liggjande verfaste i sju dagar før dei våga å segle rundt Stad. Dermed fekk einkvan sendt melding nordover til kong Håkon om kva som var på ferde, og då Eirikssønene kom fram til Nordmøre, vart dei slegne av kong Håkon og mennene hans i slaget ved Rastarkalv.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018