Eit klassedelt samfunn

Dette er det første Egne Hjem-huset som vart bygt i Høyanger - i 1924. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Industrisamfunnet Høyanger var frå starten i 1916 og lenge etter 2. verdskrig prega av ei klår klassedeling. Dette fekk utslag i kvar folk budde, politisk ståstad, val av skulemål, og kven dei vanka saman med i organisasjonslivet:

Egne Hjem-hus i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Medan arbeidarane budde i dei store bustadkompleksa på Sæbøtangen og i småhusa i «Egne hjem», budde verksleiinga, ingeniørar og andre funksjonærar i det fasjonable villastrøket Parken og i Villabyen vest for verket. Når dei borgarlege samla seg i ungdomshuset «Valhall» og dreiv idrett i Høyanger Idrettsforening - HIF (skipa 1917), samla arbeidarane seg i Folkets Hus, hadde eigne arbeidarungdomslag eller kommunistungdomslag, og dreiv idrett i Sportsklubben Falken (skipa 1918).

Direktørvillaen og husa for dei høgare funksjonærane i Kloumanns Allé. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Les meir om:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 23.08.2010