Hopp til innhold
X
Innhald

Eksisterande mellomalderkyrkjer

Dale kyrkje i Luster er mellom steinkyrkjene i Sogn og Fjordane. Foto: Arild Nybø, NRK.

Dale kyrkje i Luster er mellom steinkyrkjene i Sogn og Fjordane. Foto: Arild Nybø, NRK.

Hopperstad stavkyrkje i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hopperstad stavkyrkje i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Alle steinkyrkjene i Sogn står framleis: Kvamsøy kyrkje, Hove steinkyrkje, Leikanger kyrkje, Vangen kyrkje (sjå: Mellomalderkatedralen på Vangen) og Dale kyrkje i Luster.

Sunnfjord hadde to steinkyrkjer - i Naustdal og Kinn. Naustdalskyrkja (sjå: Naustdal kyrkje) vart riven i 1891, medan Kinn kyrkje står.

I Nordfjord står den einaste registrerte steinkyrkja (utanom Albanuskyrkja - sjå: Selje kloster og Sunniva-legenden), Vereide kyrkje, framleis ved den gamle riksvegen på Vereide i Gloppen.

Frå mellomalderen (før 1536) står elles stavkyrkjene: Nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje i Lærdal, Undredal (sjå: Kyrkjer i Aurland), Kaupanger stavkyrkje i Sogndal, Hopperstad stavkyrkje i Vik, Urnes stavkyrkje i Luster, og viktige bygningsdelar frå stavkyrkja i Gaupne er tekne vare på i Gaupne gamle kyrkje.

Bygningsdelar frå Fortun stavkyrkje i Luster kommune) vart i 1883 flytta til Bergen og gjenreist som Fantoft stavkyrkje. Denne vart øydelagd av brann i 1992 etter at ein mann med satanistiske idéar sette fyr på kyrkja, men ein kopi er gjenreist.

Les meir om den Den norske kyrkja - Statskyrkja.

Dagens Naustdal kyrkje er bygd i tre, gamlekyrkja i stein vart riven i 1891. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Dagens Naustdal kyrkje er bygd i tre, gamlekyrkja i stein vart riven i 1891. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015