Hopp til innhold
X
Innhald

Elveeigarane organiserte seg tidleg

Ein engelskmann prøver fiskelukka i Gaula i 1903. Frå boka A river of Norway av Charles Thomas-Stanford. Ukjend fotograf. Eigar: Olav Johan Mo/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ein engelskmann prøver fiskelukka i Gaula i 1903. Frå boka A river of Norway av Charles Thomas-Stanford. Ukjend fotograf. Eigar: Olav Johan Mo/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kartskisse som viser korleis laksetrappa i Osfossen er bygd.  Frå boka ”A River of Norway” av Charles Thomas-Stanford. © Fylkesarkivet.

Kartskisse som viser korleis laksetrappa i Osfossen er bygd. Frå boka ”A River of Norway” av Charles Thomas-Stanford. © Fylkesarkivet.

Som det går fram av artikkelen Laksefisket under Osfossen”, var dei første engelske «lakselordane» på plass med flugestengene sine i hølen under Osfossen alt midt på 1800-talet.

Første laksetrappa i Noreg

Her stod laksen tett som i ei tønne, og hølen vart rekna som ein av dei beste fiskehølane i Nord-Europa. I 1970 bygde iren Willian T. Potts den første laksetrappa i Noreg i fjellveggen ved sida av fossen, slik at laksen kunne kome seg vidare opp Gaularvassdraget.

Både i Gaular, Førde og i Naustdal såg elveeigarane tidleg trongen for samarbeid – både for fastsetjing av leigeprisar, kleppar- og roartenester, bygging av laksetrapper m.m.

I ein rapport frå 1878 skriv Fiskeriinspektøren at det var skipa elveeigarlag i Gaular, Førde og Naustdal før 1875. Elveeeigarane i Gaula fekk freda sona kring elveosen i 1869, og Førde fylgde etter med freding i 1873.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.09.2010