Hopp til innhold
X
Innhald

Emma Pastor Normann-huset

Eitt av måleria til Emma Pastor Normann med motiv frå Balestrand (frå nordsida av Esefjorden) med tittelen Et vestlandsk gårdsbruk. © Blomqvist Kunsthandel.

Eitt av måleria til Emma Pastor Normann med motiv frå Balestrand (frå nordsida av Esefjorden) med tittelen Et vestlandsk gårdsbruk. © Blomqvist Kunsthandel.

I 1910 bygde kunstmålar Emma Pastor Normann sin eigen kunstnarvilla på Esestranda. Ho var dotter til Eilert Adelsteen Normann som bygde Villa Normann. Men ho rauk uklar med faren, og bygde difor sitt eige hus med atelier.

I 1944 flytta ho og dottera Helga Normann Leknes frå Tyskland til Noreg. Dei budde i Oslo om vinteren og på Esestranda om sommaren, der dei m.a. selde måleri til turistane. Helga var også ein dyktig porselensmålar. Syskenborna Nils og Egil Pastor i Tyskland arva huset då Helga døydde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.07.2011