Hopp til innhold
X
Innhald

Epidemisjukehus i Angedalen

Inste Angedalen mot Botnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inste Angedalen mot Botnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den første distriktslegen i Fjordane fekk m.a. arbeid med ein epidemi som soldatar som hadde vore i krig mot Sverige drog med seg heim til Sunnfjord kring 1811.

Epidemien herja så hardt i Angedalen at det vart oppretta eit mellombels «sjukehus» der. Sjukdomen slo hardt til i alle bygdene i indre Sunnfjord, og vert omtala så seint som i 1831.

Heilt fram til 1836 var det berre to distriktslegar i fylket – ein for Sogn og ein for Fjordane. I 1836 vart talet på legar auka til fire. Legen for Sunnfjord hadde då tilhald på Storgarden Tysse. Indre Sunnfjord fekk si spesielle legeordning i 1854, då legen Hammer opna praksis i Førde. I 1857 fekk fylket åtte legedistrikt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.11.2010