Hopp til innhold
X
Innhald

Fagforeininga som sosial faktor

Fagforeningens Musikklag eitt av dei første åra etter stiftinga i 1923. Frå v: Jan Haugen, Harald Sagen, Holger Forsberg, Hans Adolf Rambech, Olav Grønstad (?), Per Buue,  ukjend, Thorstein Olsen, Edvard Navestad, Odd Haugen, Sverre Sunde, Karl Olsen, Tormod Haaland, Bernhard Eide, Peder Pedersen, Henrik Lundin. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ingen stader i fylket har ei fagforeining spela ei så sentral rolle i samfunnsutviklinga som i Høyanger. Dette fekk først og fremst uttrykk i det tette samarbeidet mellom «Kjemisk» og Arbeidarpartiet, som har site med den politiske makta i kommunen sidan 1925. Desse to har hatt eit nært samarbeid med den tredje maktbasen i industrisamfunnet; verksleiinga.

Før Norsk Hydro tok over, finansierte NACO, seinare Årdal og Sunndal Verk, mykje av infrastrukturen på industristaden. Alt i 1917 ytte NACO sterk pengestøtte til fagforeiningshuset Folkets Hus, og det største løftet kom i 1937, då verket finansierte byggjinga av Høyanger sjukehus.

I 1924 skipa fagforeininga Høyangerarbeidernes Musikkkorps (seinare kjend som Fagforeningens Musikkorps), i 1928 kom arbeidarsangkoret, og arbeidarane skipa sitt eige idrettslag - Sportsklubben Falken.

Ingen andre fagforeningar i fylket har spela ei så aktiv rolle i samfunnsutviklinga som «Kjemisk» i Høyanger: Den har m.a. brukt truslar om streik og boikott for å presse gjennom betre båt- og vegsamband. Den har slått ring om lokalsjukehuset fleire gonger, og spela ei sentral rolle for å sikre Høyanger sin part av det vidaregåande skuleverket i fylket.

Frå 1. mai-feiringa i Høyanger i 2003. SV-leiar Kristin Halvorsen var hovudtalar, og det store temaet var kravet om modernisering av aluminiumsverka i Sogn. Foto frå TV-reportasje: Steinar Lote, NRK.

Frå 1. mai-feiringa i Høyanger i 2003. SV-leiar Kristin Halvorsen var hovudtalar, og det store temaet var kravet om modernisering av aluminiumsverka i Sogn. Foto frå TV-reportasje: Steinar Lote, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 23.08.2010