Hopp til innhold
X
Innhald

Fagforeningar og Folkets Hus

Folkets Hus på 1930-taket. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Folkets Hus på 1930-taket. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå første stund vart industribyen Høyanger den «raudaste» bygda i Sogn og Fjordane.

Rallarar og innflyttarar tok med seg radikale idear, og alt våren 1916 vart den første fagforeninga skipa. Den heitte Høyanger Anleggsarbeiderforening. I september same året vart Høyanger Jern- og Metallarbeiderforening skipa. Også mindre faggrupper som murarar og trearbeidarar organiserte seg i eigne fagforeningar.

1. maitog i Høyanger på 1920-talet.

1. maitog i Høyanger på 1920-talet.

Men alle fagforeningane hadde felles arbeidsgjevar. For å samordne fronten mot verksleiinga og kommunen, skipa fagforeningane i 1916 eit fellestyre. I 1917 starta fagforeningane «Folkekjøkenet» og bygde Folkets Hus. Innvendig var Folkets Hus dekorert av kunstnaren Odd Larsen i aust-europeisk kommuniststil, med raude banner og stjerner, og kommunistkoryfear som Lenin i heroisk positur.

Interiøret i det meir borgarlege ungdomslagshuset Valhall stod som rake motsetninga: I Valhall var veggane prydde av norske heltekongar og målhøvdingar (sjå: Høyanger ungdomslag og ungdomshuset Valhall).

Her og nedanfor ser vi eit utval av dekorasjonane frå Folkets Hus. Dekorasjonane er avfotograferte og heng i kommunehuset i Høyanger.

Her og nedanfor ser vi eit utval av dekorasjonane frå Folkets Hus. Dekorasjonane er avfotograferte og heng i kommunehuset i Høyanger.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.09.2010