Feavl og hesteutstillingar

Jens Jensson Nygard med ein hest av rasen sognedøl. Hesteutstillingane på Lærdalsøyri var starten på utviklinga til denne hesterasen. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.
Rumohr-folket på Rikheim var føregangsmenn i jordbruksnæringa på 1800-talet. På 1820-talet henta Rikheim avlsverar heilt frå Spania for å forbetre den lokale sauerasen. Om lag samstundes fekk folket i prestegarden på Tønjum innført ein engelsk sauerase.
Ein storfetype som lokalt vert kalla «Lærdalsfeet» vart kryssa fram på Rikheim i den tida storgarden vart brukt som landbruksskule (1896-1907). Den første offentlege utstillinga for dølahest og blandingsrasar vart halden på Lærdalsøyri i 1855. Dette var starten på avlen av dølahest i Sogn. Frå 1885 vart det fast årleg hingsteutstilling på Lærdalsøyri, kombinert med hestemarknad.
Les meir om: Storgarden Rikheim og Historia om hesteavlen i Sogn og Fjordane.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 18.05.2011