Hopp til innhold
X
Innhald

Felgfabrikken Fundo

Fabrikkanlegget til Fundo på Hjetland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Fabrikkanlegget til Fundo på Hjetland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

I 1972 kom bilfelgfabrikken Fundo til Høyanger. Dette var største satsinga på vidareforedling av aluminium i Sogn og Fjordane til då, og Fundo vart den nest største arbeidsplassen i Høyanger etter aluminiumsverket.

Støyping av aluminiumsfelgar krev avansert teknologi og mykje kunnskap. Sidan 1971 hadde ÅSV drive prøveproduksjon av lågtrykkstøypte aluminiumsfelgar ved anlegget sitt i Holmestrand for den svenske bilfabrikken SAAB.

Stein Erik Haslestad.

Stein Erik Haslestad.

I 1972 vart denne produksjonen flytta til Høyanger. Dei første tre åra heldt ein til i den gamle oksidfabrikkbygningen i Høyanger. Der arbeidde det 13 personar under leiing av ingeniør Stein Erik Haslestad.

Stor fabrikk på Hjetland

Men det var først i 1977 då ein fekk Volvo som kunde og bygde det store fabrikkanlegget på Hjetland, at det vart retteleg store dimensjonar over Fundo. I 1978 kom den tyske bilfabrikken BMW med som kunde. Stein Erik Haslestad var leiar dei to første åra på Hjetland då fabrikken hadde 170 tilsette.

I tillegg til bilhjul vart det dei første åra på Hjetland også støypt ein del andre aluminiumskomponentar. Men i 1982 vedtok ÅSV-leiinga at fabrikken i Høyanger berre skulle støype bilfelgar. Resten av produksjonen vart flytta over til ei avdeling i Charlottenberg i Sverige.

I 1982 fekk fabrikken i Høyanger også montert eit såkalla våtlakkanlegg som var heilt avgjerande for å henge med i tevlinga på leveranse av felgar til bilindustrien.

Over til aksjeselskap

I 1986 vart ÅSV slege saman med Hydro, og i 1989 vart Fundo omgjort til eit sjølvstendig aksjeselskap. Fabrikken vart mykje utvida i 1987 og 1989. I 1991 fekk Fundo bilmerka Audi og Opel som nye kundar, og året etter passerte fabrikken ein produksjon på ein halv million felgar i året. I 1994 vart NedCar kunde.

Produksjonsproblem og vraking

Men Fundo hadde i lange periodar stridd med store produksjonsproblem med stor vrakprosent i støypinga. I tillegg svinga marknaden mykje.

På slutten av 1990-talet vart det difor lagt mykje arbeid i kompetanseheving og kvalitetssikring slik at Fundo ikkje skulle verte utkonkurrerte for skuld dårlege produkt. Dessutan vart det i 1997 investert store summar i ei ny herdeline og ny lakkeringsfabrikk. I 1999 fekk fabrikken Volkswagen som kunde og passerte samstundes ein million felgar i årleg produksjon. Same året vart namnet endra til Fundo Wheels.

Felglageret på Fundo. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Felglageret på Fundo. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Arabarar tok mellombels over

Men dei økomiske problema berre auka, og i 2000 overtok det arabisk eigde Alu Wheels og finansmannen Hamid al Zayani 80 prosent av aksjane, medan Hydro skulle eige 20 prosent.

I 2001 vart det på nytt økonomiske problem, og det var nær ved konkurs. For å berge nøkkelverksemda, gjekk difor Høyanger kommune inn på eigarsida. Etter denne finansielle bergingsoperasjonen fekk fabrikken namnet Fundamus.

Kanadisk selskap inn

I 2004 vert det kanadiske selskapet Timminco medeigar, og samstundes gjekk ein tilbake til det gamle namnet Fundo Wheels.

I 2004 vart det installert åtte nye støypeomnar og ein smelteomn for vrakgods og metallspon frå produksjonen. Fabrikken fekk også nytt røntgenutstyr for kvalitetskontroll av dei ferdige felgane.

I 2006 fekk Fundo Wheels nytt og avansert utstyr i lakkavdelinga, og det vart sett i gang bygging av ei ny fabrikkavdeling for ein ny type todelt felg til eit såkalla hybridhjul. Fundo Wheels hadde då 350 tilsette.

Erik Flæthe var hovudtillitsvald då Fundo gjekk konkurs. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Erik Flæthe var hovudtillitsvald då Fundo gjekk konkurs. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Konkurs i 2009

Etter ei økonomisk nedgangstid og sterk svikt i bilsalet på verdsmarknaden, vart Fundo slege konkurs i januar 2009, og 300 tilsette stod utan arbeid.

Den (førebels) siste felgen frå Fundo, med datoen 12. februar 2009. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Den (førebels) siste felgen frå Fundo, med datoen 12. februar 2009. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Ny start med fransk eigar

I september 2010 vart det klart at det franske selskapet Saint Jean Industries vil overta fabrikken og satse på ny felgproduksjon i Høyanger. Det blir teke sikte på ei gradvis opptrapping med produksjonsstartstart hausten 2012. Målet er 100.000 felgar i 2013, 150 tilsette og 500.000 felgar innan 2015. Ståle Thorbjørnsen, som har arbeidd ved felgfabrikken i over 30 år, vart fabrikksjef.

I februar 2014 var talet på tilsette kome opp i 20. Fabrikken hadde då sikra seg kontrakt med Audi på levering av det patenterte hybridhjulet. Men i april same året måtte St Jean Wheels seie opp åtte av dei tilsette i Høyanger og permittere resten fordi salet av hjulet gjekk dårleg.

Ståle Thorbjørnsen kunne smile breitt etter at det vart klart at han og mange andre tidlegare Fundo-tilsette igjen kan produsere felgar. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Ståle Thorbjørnsen kunne smile breitt etter at det vart klart at han og mange andre tidlegare Fundo-tilsette igjen kan produsere felgar. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.04.2014