Hopp til innhold
X
Innhald

Felleskjøpet Øst Vest

Innkjøpssamyrket vert organisert

Nest etter meierisamyrke (no Tine Meieriet Vest BA), vart «Felleskjøpet» det neste, store samyrkesteget i landsdelen:

Den Vestlandske Felleskjøpsforening vart skipa i 1901, og markerte ein milepæl i moderniseringa av jordbruket på Vestlandet, som no for alvor kunne leggje om til maskinell drift.

Felleskjøpet gjorde det mogeleg for bøndene å oppnå gode rabattar på landbruksmaskiner, gjødsel og andre driftsmidlar gjennom eiga forening. Tidlegare måtte dei stå med lua i handa og betale det Bergens-kjøpmennene fann det for godt å forlange. Ei av dei store forretningane innan landbruksmaskiner i Bergen på 1800-talet var Knut Skurtveit - eit firma som har eksistert fram til i dag, og som også har hatt avdelingar i Sogn og Fjordane.

«Felleskjøpet»

Samyrkeorganisasjonen endra seinare namn til «Vestlandske Kjøpelag», og seinare igjen til «Felleskjøpet Vestlandet».

Felleskjøpet i Florø

I siste halvdel av 1900-talet bygde Kjøpelaget/Felleskjøpet ut store lager og forretningsavdelingar i Sogn og Fjordane:

I 1949 etablerte laget avdeling i Florø, og bygde mjølblanderi og kraftfôrlager der i 1954. Frå 1967 bygde laget fleire kornsiloar på 50 meters høgde i kystbyen.

Stor avdeling på Skei

Skei i Jølster fekk Felleskjøp-avdeling i 1969. Denne avdelinga sel landbruksmaskiner, og vart sterkt utvida med nybygg i 1999.

Fleire utsal

Sogndal fekk Fellekjøp-avdeling i 1986, og FK-butikk vart opna på Øyrane i Førde i 1998. I Førde byggjer laget i 2003 ny, stor butikk. I 1999 slo Felleskjøpet Vestlandet seg saman med tilsvarande organisasjon på Austlandet til Felleskjøpet Øst Vest.

Les meir: Bondesamyrket på Vestlandet

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015