Fimreite-gardane

Fimreite sett frå Nornes. Foto: Ottar Starheim, NRK
Storfolk på Fimreite
På 1500-talet var Fimreite eigd av folk med røter i den norske adelen. Ei gamal segn seier at ein baron var busett på Fimreite kring 1600.
Kapell
På Fimreite vert eit kapell omtala i 1340. Her finst framleis eit lokalt stadnamn som minner om kyrkja: Kyrkjegarden. Kapellet vart lagt ned mellom 1480 og 1585.
Fimreiteospa
På Fimreite stod det i gamal tid ei diger osp som vart rekna som eit heilagt tre. Her vart det så seint som på 1800-talet tømt øl over røtene på treet (sjå også Slindebjørka). Ospa skulle vere 18 meter høg, og kruna hadde ein diameter på 21 meter.
Slaget ved Fimreite
På austsida av innløpet til Sogndalsfjorden ligg Fimreite-gardane. Her er ingen fornminne som viser spor etter busetnad før det kjende slaget ved Fimreite i 1184.

Måleri av Johannes Flintoe med motiv frå Nornes mot Fimreite.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 25.08.2011