Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskeri i Hyllestad

Slik kunne det sjå ut på hamna i Sørbøvåg på 1950-talet. Då kom båtar frå heile Vestlandet for å ta del i fisket. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Slik kunne det sjå ut på hamna i Sørbøvåg på 1950-talet. Då kom båtar frå heile Vestlandet for å ta del i fisket. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Sildefiske med landnot

Så seint som vinteren 1929 stengde landnotbruket til Gerhard Skivenesvåg inne kring 100.000 hektoliter sild i ein våg på Stroka i Værlandet. Det vert fortalt at dei auste opp sild frå stenget langt ut på våren.

Presten var fiskar

Presten Peter Furberg prioriterte kastenota framfor konfirmantundervisninga i brislingsesongen!

Her har Sørbøvåg notlag gjort eit godt kast på slutten av 1930-talet. Basen er Knut Ulvik, som står i båten til venstre. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Her har Sørbøvåg notlag gjort eit godt kast på slutten av 1930-talet. Basen er Knut Ulvik, som står i båten til venstre. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Mange store notbruk

På 1960-og 1970-talet var det fleire store notbruk frå Hyllestad som dreiv brislingsfiske i Vestlands-fjordane. Dagfinn Dumben eigde kutteren «Radio» på 60 fot og fleire lettbåtar. Inderøybruket på Skiveneset hadde kutteren «Fram» på 53 fot, og i grenda var det fleire notlag.

Konsesjonsregulering av notfisket vart innført i 1979. På 1980-talet vart alle notbruka i Hyllestad nedlagde.

Laksefisket i Hyllestad

Laksefiske med kilenot og sitjenot var viktig binæring på mange gardsbruk.

Oppdrettskommunen Hyllestad

Fjordarmane i Hyllestad låg godt til rette for fiskeoppdrett.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.10.2010