Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskeridirektoratet - Region Vest

Fiskeridirektoratet sin båt - Munin. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fiskeridirektoratet sin båt - Munin. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn og Fjordane fekk eigen fiskerisjef i 1972 med kontor i Måløy. Kontoret sorterer under Fiskeridirektoratet. Frå 1999 vart kontoret hovudbase for Region Vest som dekkjer Sogn og Fjordane og Hordaland.
Første fiskerisjef frå 1972 var Arne Nore, som i 1983 vart avløyst av Rolv Petter Vetvik. Ved omorganiseringa i 1999 vart Vetvik tilsett som regiondirektør, ei stilling han hadde til Terje L. Magnussen overtok som regiondirektør.

Regionkontoret har som hovudoppgåve å drive rettleiing, kontroll og tilsyn med fiske- og oppdrettsnæringa, og næringsmiddelkontroll. Under regionkontoret sorterte fram til 2002 eigne fiskerikontor med fiskerirettleiar på Hardbakke (Gulen), Askvoll, Florø, Bremanger og Måløy. Frå 2002 er berre kontoret i Florø i drift.

Fiskeridirektoratet held til i  Fiskernes Hus i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fiskeridirektoratet held til i Fiskernes Hus i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.09.2011