Hopp til innhold
X
Innhald

Fjærland eigd av futar og storfolk

Mykje av jorda på Bøyum i Fjærland var eigd av futar og rikmenn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mykje av jorda på Bøyum i Fjærland var eigd av futar og rikmenn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mykje av dei beste jordviddene i Fjærland var på 1600- og 1700-talet eigd av rikmannsslekter og futar. På Bøyum vart garden i 1650 pantsett eller selt til lektor Per Lem og kona Abel Ludvigsdotter Munthe.

Både Lem og Munthe-slekta er kjende som store jordeigarar i Sogn og Sunnfjord. Heilt fram til 1775 eigde folk frå Munthe-slekta i Kroken gardar i Fjærland.

I 1686 vart Bøyum kjøpt av Sogne-futen Hans Blix som budde på Flesje i Balestrand. Det var etterkomarane til Blix som seinare delte opp Bøyum-garden og selde ut til brukarane.

Den store garden Våtevik på austsida av dalen var på 1600-talet eigd av den styrtrike presten Peder Jørgenson Finde i Førde. Gjennom arv og giftarmål gjekk garden over til presten Iver Erikssøn Leganger i Vik. Gjennom inngifte i denne slekta var Våtevik også ei tid kring 1760 eigd av folk frå Heiberg-slekta på Øvre Amla.

På 1700-talet finn vi også futen Peder Leganger som eigar av gardar på vestsida i Fjærland (sjå: Kjende personar i Balestrand fødde før 1850).

Håslått i Fjærland. Vi skimtar driftsbygningen på garden  Våtevik til venstre i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Håslått i Fjærland. Vi skimtar driftsbygningen på garden Våtevik til venstre i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011