Hopp til innhold
X
Innhald

Fjord Base

Fjord Base og Florø. Foto: Harald M. Walderhaug.

Fjord Base og Florø. Foto: Harald M. Walderhaug.

Fjord Base på Botnaneset vart opna i 1985. Den største «leigetakaren» på oljebasen vart Saga Petroleum, som sidan 1975 hadde drive prøveboring utanfor kysten og hadde eit lite kontor i Florø. Både Saga, Amoco og Gulf fekk prøvebore utanfor Fjordane-kysten på vilkår av at dei brukte Florø som base.

Ein del av røyrlageret på Fjord Base. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ein del av røyrlageret på Fjord Base. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Før basen på Botnaneset stod ferdig, vart Fugleskjerkaia brukt som «basehamn», og firma Kristian Jansen var lokal «operatør» for Saga.

INC overtok

I 1985 fekk ei industrigruppe med INC-gruppa i føringa ei avtale om drift av Botnanesbasen for 10 år. INC-gruppa overtok etter kvart heile basen, og har driftsavtale fram til 2016. Den største aktiviteten ved basen skaper Snorrefeltet som Saga Petroleum - frå 1999 Norsk Hydro, og seinare StatoilHydro - driv rett vest for Florø.

Statoil med stort røyrsenter

I år 2001 var Statoil einaste oljeselskapet som opererer frå Fjord Base, som er såkalla Euro-hamn for lossing og vidare distribusjon av rør til oljeindustrien. I 2010 opna Statoil eitt av dei største logistikksentra for røyr i Europa på Fjord Base. Senteret forsyner Tampen-feltet pluss Brage, Troll og Oseberg med røyr. Til saman 900.000 tonn utstyr går ut og inn av basen i året. Aktiviteten til Statoil genererer i 2010 rundt 400 arbeidsplassar i Florø.

Men i 2015 kunngjorde Statoil at dei ikkje lenger ville drive med røyrhandtering og lagerdrift i Florø. Dette fører til nedskjering i tal tilsette frå 1. juli 2015.

Bygningane til Statoil på Fjord Base til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygningane til Statoil på Fjord Base til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stor kai

I 2011 vart ei stor utbygging i Botnastranda avslutta. Då kunne Flora Hamn ta i bruk ei 150 meter lang kai med 12 meters djupn til ein kostnad på 60 millionar kroner. Kaia blir leigd ut til Fjord Base AS. Det er planar om å byggje to slike kaier til. I 2011 er det nærare 70 ulike selskap med til saman 500 tilsette som har tilhald på basen, og det er 75 bygningar. Basen har i 2013 eit areal på 728.000 kvadratmeter

GDF Suez

Det franske oljeselskapet GDF Suez som har fått operasjonsansvaret for Gjøafeltet i Nordsjøen har etablert seg på Fjordbase med sju eigne tilsette. Men aktiviteten deira genererer til saman rundt 50 arbeidsplassar i Florø.

BG Norge AS

kunngjorde i 2011 at dei vil etablere seg på Fjord Base. Saman med det canadiske firmaet TK Petrojarl er BG Norge operatør for Knarrfeltet like vest av Florø. Det er rekna med 14 tilsette på basen. I september 2012 la olje- og energiminister Ola Borten Moe ned grunnsteinen til driftsbygget på Botnaneset.

I tillegg til dei tre nemnde operatørselskapa er det ei lang rekkje serviceselskap på Fjord Base. I 2013 er det til saman ca. 560 tilsette, målet er at det i 2018 skal vere 100 selskap med til saman 1000 tilsette på Fjord Base.

Olje- og energiminister Ola Borten Moe la ned grunnseinen til BG Norge sitt bygg på Botnaneset 25. september 2012. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Olje- og energiminister Ola Borten Moe la ned grunnsteinen til BG Norge sitt bygg på Botnaneset 25. september 2012. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om oljeaktiviteten i Florø i artikkenel Oljebyen Florø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2015