Hopp til innhold
X
Innhald

Fjord Miljøenergi AS

Fjord Miljøenergi AS i Måløy vart skipa i 2006 av Arnar og Tor-Inge Kvernevik m.fl.

Selskapet fekk i 2007 konsesjon for bygging av eit bioenergianlegg for produksjon av fjernvarme på Trollebø, men planane om eit Ulvesund Varmekraftverk er førebels ikkje realiserte. Planen er å byggje ut kraftverket og fjernevarmenettet i fire byggjesteg som til saman kostar 250 millionar kroner. Ved full produksjon kan anlegget erstatte bruken av fyringsolje tilsvarande 20.000 tonn CO2 årleg.

Fjord Miljøenergi har også arbeidd med planar om eit tilsvarande anlegg i Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.01.2010