Hopp til innhold
X
Innhald

Flaumskader i Høyanger

Frå flaumen i 1971. Foto: Norvald Stedje

Frå flaumen i 1971. Foto: Norvald Stedje

Flaum i Daleelva har fleire gonger gjort skade i Høyanger sentrum.

M.a. gjekk elva langt over breiddene i ein haustflaum i 1952. Hausten 1956 grov flaumen bort store deler av elvemuren i sentrum og truga hovudbrua over elva. To mindre bruer ved Øren Hotell og på Øvre Sæbø vart tekne av flaumen.

I ein skadeflaum i Daleeleva hausten 1971 vart store deler av Høyanger sentrum rasert. Flaumen tok med seg to bruer, og fleire hus på elvebarden vart øydelagde då elvebarden rasa ut.

Både sjukehuset og store deler av sentrum vart evakuert. Flaumen gjorde skade for mange millionar kroner. Dåverande kommunalminister Oddvar Nordli kom på synfaring, og staten ytte ekstra midlar til reparasjon og gjenoppbyggjing.

Kommunalminister Oddvar Nordli vart intervjua av Asbjørn Gjerde frå NRK i Høyanger. Foto: Norvald Stedje

Kommunalminister Oddvar Nordli vart intervjua av Asbjørn Gjerde frå NRK i Høyanger. Foto: Norvald Stedje

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.03.2009