Hopp til innhold
X
Innhald

Fleire småkraftverk langs vassdraget

I Bellfossen/Føllingfossen  i  Eldalsdalen vart det bygd kraftverk i 1922 m.a. til drift av ei bygdemølle.

Sjølv om dei retteleg store utbyggingsplanane ikkje vart noko av - korkje i mellomkrigstida eller på slutten hundreåret- så vart likevel Gaularvassdraget ”delregulert”: Under fleire fossar i vassdraget er det bygd småkraftverk: Det første vart bygd så tidleg som i 1912 på nordsida av Osfossen i eit samarbeid mellom grunneigaren Halvor O. Leirvik og den britiske laksefiskaren sir Charles Thomas-Stanford. Straumen vart nytta til mølle og sag, og Stanford fekk straum til bungalowen som han bygde på Leirvik-eigedomen.

I Bellfossen/Føllingfossen i Eldalsdalen vart det bygd kraftverk i 1922 m.a. til drift av ei bygdemølle.

I Fossevikfossen ved Hauken vart det bygd kraftverk til sagdrift i 1942. I Botnafossen ved Lyngstad i Eldalsdalen kom det kraftverk i 1946, i Alværfossen ved Døskeland i 1947, i Strufossen ved Hov og i Likholefossen - begge i Eldalsdalen - i 1949, ved Ørnehaug i Viksdalen i 1950 og i Espesetfossen/Osefossen i Eldalsdalen i 1952.

Dei siste åra har det på nytt dukka opp planar om bygging av fleire små elvekraftverk i det verna vassdraget, m.a. i Vallestadfossen og Fossfossen

Vallestadfossen. Foto: Ottar  Starheim, NRK.

Vallestadfossen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.09.2010