Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Træplantningsselskab

Storåsen i bakgrunnen er i stor grad kledd med skog som vart planta tidleg på 1900-talet.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Storåsen i bakgrunnen er i stor grad kledd med skog som vart planta tidleg på 1900-talet.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø Træplantningsselskap vart skipa kring 1870 av sakførar Livius Smitt, Jens Bloch Helmers og forstassistent Mohn.

Selskapet hadde som føremål å skogkle det snaue Floralandet kring byen. Det var dette selskapet som stod for det meste av skogplantinga i «byfjella» Litjeåsen og Storåsen. Litjeåsen vart gjeve som gåve til laget av Rikka Døsen og Fjordenes Kreditbank i 1926.

I tillegg til sjølve skogplantinga, sytte Træplaningsselskapet for bygging av spaservegar og utplassering av benkar langs vegane.

I 1906 vart selskapet nyskipa med den aktive ordførar, amtsskulestyrar og redaktør Elias M. Hole som leiar heilt fram til 1938. Han fekk m.a. engasjert skuleborna i byen til skogplanting. I 1919 var laget oppe i 139 medlemer.

(Sjå også Vågsøy kommune - distriktslege Einar Strand i Måløy).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2010