Hopp til innhold
X
Innhald

Flytande hotell og Strynefjellsveg

Eit stort turistskip ligg oppankra utanfor Hotel Central på Visnes i Stryn. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Eit stort turistskip ligg oppankra utanfor Hotel Central på Visnes i Stryn. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ein ny æra opna seg med det første «flytande hotellet» – turistskipet «Midnight Sun» i 1894. No vart turistane sette på land i Olden, Loen eller på Visnes i Stryn, og Faleide kom i bakleksa.

Denne utviklinga vart forsterka av at den nye turistvegen over Strynefjellet (Strynefjellsvegen) vart opna 1894, slik at turistane kunne starte på Visnes for såkalla «overland-turar» – til Ottadalen, Geiranger, eller over Hornindal til Sunnmørsfjordane.

Sjå også: Vegar i Stryn.

To turistskip i Loen i 1910. Foto: Jens K. Maurseth. © Fylkesarkivet.

To turistskip i Loen i 1910. Foto: Jens K. Maurseth. © Fylkesarkivet.

No vart det også bygd hotell på Hjelle i Oppstryn (Hjelle Hotell 1894) og på Videsæter (Videsæter Hotell 1903). Alle hotella frå denne perioden vart bygde i sveitsarstil. Det flottaste av dei alle var Hotell Central ved dampskipskaia på Visnes, som Olai Tenden bygde i 1894, fordi han forsto at hotellet på Faleide var hamne i bakevja. Han rekna også med at Visnes ville bli innfallporten til Loen og Olden. Men i 1909 slo nyevegen Stryn–Loen på nytt beina unna Olai Tendens storhotell:

Sjå hotell og serveringsstader under:  Reiselivsbedrifter i Stryn.

Turistane reiste no direkte til Loen, og stoppa ikkje på Visnes. No hadde sonen Peter Tenden teke over, og i 1914 selde han den praktfulle bygningen til fylket, som sidan brukte Hotell Central til husmorskule (sjå Tendens Hotell og Central Hotell og «Husmorskulen i Stryn»). I Loen og Olden blomstra derimot Alexandra Hotell og Yris Hotell, og voks seg på få år inn blant dei største og mest luksuriøse turisthotella i landsdelen.

Sjå hotell og serveringsstader under: Reiselivsbedrifter i Stryn.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.01.2012