Hopp til innhold
X
Innhald

Folkebad i Sogndal

I ungdomshuset Solhov var det folkebad på 1930-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I ungdomshuset Solhov var det folkebad på 1930-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den gamle badestampen var det vanlegaste hjelpemiddelet når folk i gamle dagar skulle halde seg reine. Difor var det mange bygder som kring 1900 bygde eigne folkebad, der folk mot ei avgift kunne bløyte seg i skikkelege badekar med oppvarma vatn.

Idéen til eit folkebad i Sogndal kom frå Aurland. Her hadde distriktslege Møinichen fått bygt eit folkebad, og oppmoda i 1901 no kollegaen sin i Sogndal, dokter O. B. Schøyen om å gjere det same der.

Folkebadet i Sogndal kom i drift kring 1935, og heldt til i ungdomshuset Solhov. På slutten av 1930-talet finn vi at sparebanken ytte tilskot til drifta, men det er truleg at drifta slutta under krigen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.08.2011