Hopp til innhold
X
Innhald

Folkestyre og fylkesting

Garden Tross i Dale, der det første møtet i fylkestinget vart halde i 1838. © Fylkesarkivet.

Garden Tross i Dale, der det første møtet i fylkestinget vart halde i 1838. © Fylkesarkivet.

Første fylkestinget på Tross

Det første fylkestinget med valde representar frå alle soknekommunane i Sogn og Fjordane møttest på gjestgjevarstaden Tross i Fjaler den 30. juli 1838. 22 ordførar møtte. Dei fleste var prestar og andre embetsmenn. Bøndene - dvs. ålmenta - kom først i fleirtal i fylkestinget i 1853. Florø by kom ikkje med i fylkesstyringa med eigne representantar før i 1860.

Amtsformannskap

Den folkevalde forsamlinga vart lenge kalla «amtsformannskap», frå 1894 «amtsting», og frå 1919 «fylkesting».

Første formann

I 1838 vart den kjende prost Niels Griis Alstrup Dahl frå Eivindvik vald til oppmann (formann) for fylkestinget. Men denne funksjonen må ikkje forvekslast med den seinare ordninga med fylkesordførar som vart innført i 1963. For det var framleis amtmannen/fylkesmannen som styrde forsamlinga, og lenge hadde sikker regi på kva saker som skulle fremjast. Både amtmann og futar kunne ta del i ordskiftet på fylkestinga.

Fylkesordførarar og fylkesrådmenn

Ordninga med fylkesordførar vart innført etter ein reform i 1963. Før den tid vart det valt ein ”formann” for fylkestingsseta.

Fylkestingsmedlemer 1838-1975

Oversynet er kommunevis. I denne perioden var det ordførarane i kommunane som utgjorde fylkestinget.

Fylkestingsmedlemer frå 1976 til i dag

Frå 1976 var det direkte val til fylkestinget.

Les meir:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015